Eg merkar allereie at eg byrjar å bli dårlig til å blogge. Men eg må skrive noko i kveld, for frå og med i morgon og 10 dagar framover så skjer det noko spesielt. Det er nemleg 3 gode vener av meg som tek seg råd og tid til å kome og sjå korleis eg har det! Det skulle eigentleg vere 4 stk, men Anna blei dessverre sjuk :( Gleda meg veldig til å sjå deg, så du blir djupt sakna!
Uansett, la oss prøve å oppsummere litt av kva som har skjedd sia eg kom til Osaka. Fyrst og framst møtte eg Åshild (sjefen) på flyplassen, der vi venta litt før Astrid (den andre eittåringen til Japan) òg dukka opp etter ein lang flytur. Vi dro i lag heim til Åshild, og der blei vi buande i tre dagar. I løpet av desse dagane fekk vi oppleve litt av kvart. Vi blei lært opp i og blei betre kjent med tog, buss og bane i Osaka, vi dyppa oss litt i eit onsen, åt mye god mat, møtte kollegaer og kyrkjefolk og mye meir! Vi fekk óg nokre essensielle guida turer på eit par supermarked. Sjølv eg som kan lese litt av kva som står på pakningane, føler meg heilt vanvittig bortkommen blant dei fargerike hyllene. Eg håper snart eg kan gå på handletur utan prestasjonangst!
Vi hadde òg eit par dagar i lag med Ivan og Rut Terese (NMS-misjonærer her på 2. året travelt opptatt med språkstudier). Vi, altså Astrid og meg, blei vist kor vi kan handle klede (og kor dei kanskje har min storleik), bøker osv. Vi besøkte Osaka Aquarium (sjekk bilete på bloggen til Astrid), og fekk òg ein tur opp i Osaka World Trade Center der vi fekk kikka litt utover byen vi skal bu det neste året. Ivan og Ruth Therese bur forresten over Tezukayama kyrkje, dvs. ikkje langt unna meg! Veldig greit å ha nordmenn i nærleiken :) Tezukayama kyrkje er altså der eg vil ha mesteparten av arbeidet mitt dette året, og der kor eg som oftest går på gudsteneste. Men eg har òg nokre oppgåver i andre kyrkjer i Osaka.
Eg har jo faktisk alt vore her i 3 veker, så er i gong med det aller meste eg skal drive med dette året. Eg kjem nok til å skrive om dei ulike tingane sånn litt og litt utover året, men det går mye i undervisning. Seks gruppar totalt i engelsk (4 for voksne, 2 for barn) og ei norsk-gruppe. Utenom dette har eg ansvaret for eit lite sosialt arrangement kalla "Friday Cafe" som arrangerast i kyrkja annankvar fredag. Håper det kan bli ein stad der nysgjerrige japanarar kan få smake litt på kva Jesus og den lokale kyrkja kan tilby. Utenom det er eg med i kyrkja sitt eige gospelkor, og hjelper til på noko kalla "Kids Club" annankvar laurdag. For det meste lek, song og bibel med fem søte små barn :) To gongar i veka får eg i tillegg hjelp vidare med japansken min. Éin gong med privatlærar og ein anna gong i klasserom med andre utlendingar som bur i Osaka (har dog ikkje byrja med sistnemnte enno).
Sånn, no har eg i det minste litt på plass her så kjem det meir detaljert om kvar enkelt ting sånn etterkvart. Blir nok bloggtørke medan eg har besøk no, men skal prøve å kome sterkt tilbake!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
moshi moshi! :)
skolde ønske ej va der, kos dokke masse alle 10 dagane til ende!
håpe vi sjåast snart.. love you!
Hei PG =) Spesielt å se at du har fått en så saklig og informativ blogg :D hehe, vet ikke helt hva jeg skal si. Men håper det står bra til med deg og at det er koselig å ha besøk! Leste på bloggen til Maria at dere har vært i Koya-San og Nara, så fint! take care!
Legg inn en kommentar