Førre søndag (02.11) var det basar (eller bazaaaa som det heiter på det vilt framande språket dei pratar her) på Tezukayama. Det var ein dag spekka med med mat av ymse slag, alt frå vaflar til oden, frå heimelaga kake til brød av sorten nordmenn kallar for brød. I gamlebygget (som du ser til venstre på bilete fyrst her) var det fylt opp med all slags ulike gjenstandar som var til salgs for ein (vanvittig) billig penge. Eit svært imponerande kosebamse-galleri var det òg gjort plass til, og eg var frekk nok til å kjøpe med meg ein Doraemon-bamse da vi gjorde i stand dagen før sjølve basaren. Eg var òg så heldig å få kjøpt eit kotatsu-teppe (til det nygamle kotatsubordet eg fekk for ei stund sia) for den nette sum av 500 yen (ca. 30 kr)! Eit røverkjøp mao!I løpet av basardagen var det òg ein liten preken ved vår kjære prestelærling Tabata-san. Han fortalte om den bortkomne son, og hadde tilpassa språket og innhaldet så både barn og vaksne kunne forstå. Midt i blinken for meg altså, som forstå det aller meste som blei sagt (hjelper jo òg litt å kunne forteljinga på førehand). Etterpå sang gospelkoret vi har på Tezukayama eit par korte songar, og med det blei fyrste opptreden for året ein ålreit suksess! Eg er sjølv med i koret og bidreg med gitarspel, sang og elles ansvar for ting av praktisk art. Vår eminente dirigent og korleiar er Kaori-san, og vi er alle takksame for at ho hjelper til. Ho er nemleg veldig flink!
Og etterkvart som dagen rant vekk gjorde mye av varane til salgs det same. Etter basaren offisielt var over satt dei som hadde hatt noko ansvar i løpet av dagen igjen og drakk kaffi og åt litt kake i lag. Det var på dette tidspunktet eg tenkte eg skulle vifte vekk ei flue som hadde satt seg på eit lite kakestykke på ein tallerken midt på bordet. Men ramboen som eg er tok litt hardt i, og da eg skulle vifte til med handa fekk i staden eit draumetreff rett på undersida av tallerkenen. Kakestykket forlot plassen sin, fløy ca. éin meter bortover og landa rett i fanget på Ivan. Eg trudde knapt det kunne vere sant. Men heldigvis var det kake av den tørre typen, og offeret Ivan. Litt flaut, men veldig morosamt for båe meg og dei vantru vitna til episoden.




9 kommentarer:
Eg au vil gå på basar!
Så koselig! LOL på kake i fanget til Ivan, han er kul :)
Det såg kjekt ut! Morsomt at hu så står å selge mat har munnbind!!
Jeg er på butikken nå og kjøper meg to svære cola. I tillegg har jeg to svære colaer hjemme i kjøleskapet. Så nå skal jeg hjem og gasse meg med cola;)
Venter på blogginnlegget "Jul på Tezukayama".
oppdatering!!!!!!!!!!!!!!1
Vår i Tezukayama?
Jeg må bare si at det er ikke flust med oppdateringer her.. Hvordan går det? Jeg føler det ikke er lenge til hjemreise jeg nå! Hjelp, så fort det går!
:)
Hahaha. Du er enda daarligere enn meg i blogging! Jeg har hatt saaaa daarlig samvittighet for aa ikke ha skrevet nytt blogginnlegg for naa, sist var i november. Men halleluja, du har jo ogsaa skrevet sist i november. Keep up the good work;)Biz fra Paris! Unni:)
Legg inn en kommentar