7. november 2008

Basar på Tezukayama

Førre søndag (02.11) var det basar (eller bazaaaa som det heiter på det vilt framande språket dei pratar her) på Tezukayama. Det var ein dag spekka med med mat av ymse slag, alt frå vaflar til oden, frå heimelaga kake til brød av sorten nordmenn kallar for brød. I gamlebygget (som du ser til venstre på bilete fyrst her) var det fylt opp med all slags ulike gjenstandar som var til salgs for ein (vanvittig) billig penge. Eit svært imponerande kosebamse-galleri var det òg gjort plass til, og eg var frekk nok til å kjøpe med meg ein Doraemon-bamse da vi gjorde i stand dagen før sjølve basaren. Eg var òg så heldig å få kjøpt eit kotatsu-teppe (til det nygamle kotatsubordet eg fekk for ei stund sia) for den nette sum av 500 yen (ca. 30 kr)! Eit røverkjøp mao!

I løpet av basardagen var det òg ein liten preken ved vår kjære prestelærling Tabata-san. Han fortalte om den bortkomne son, og hadde tilpassa språket og innhaldet så både barn og vaksne kunne forstå. Midt i blinken for meg altså, som forstå det aller meste som blei sagt (hjelper jo òg litt å kunne forteljinga på førehand). Etterpå sang gospelkoret vi har på Tezukayama eit par korte songar, og med det blei fyrste opptreden for året ein ålreit suksess! Eg er sjølv med i koret og bidreg med gitarspel, sang og elles ansvar for ting av praktisk art. Vår eminente dirigent og korleiar er Kaori-san, og vi er alle takksame for at ho hjelper til. Ho er nemleg veldig flink!

Og etterkvart som dagen rant vekk gjorde mye av varane til salgs det same. Etter basaren offisielt var over satt dei som hadde hatt noko ansvar i løpet av dagen igjen og drakk kaffi og åt litt kake i lag. Det var på dette tidspunktet eg tenkte eg skulle vifte vekk ei flue som hadde satt seg på eit lite kakestykke på ein tallerken midt på bordet. Men ramboen som eg er tok litt hardt i, og da eg skulle vifte til med handa fekk i staden eit draumetreff rett på undersida av tallerkenen. Kakestykket forlot plassen sin, fløy ca. éin meter bortover og landa rett i fanget på Ivan. Eg trudde knapt det kunne vere sant. Men heldigvis var det kake av den tørre typen, og offeret Ivan. Litt flaut, men veldig morosamt for båe meg og dei vantru vitna til episoden.


Utvalget i assorterte varer-avdelinga


Åshild (NMS-representant)
og Tabata-san (prestelærling)


Matavdelinga


Kort gudsteneste ved Tabata-san

18. oktober 2008

Hei på deg bloggen min!

No er det lenge sia eg har skrive noko her, så eg håper eit realt skippertak av eit innlegg kan bøte på noko av skaden. I går kveld før eg la meg skreiv eg på ein lapp kva eg skulle gjere med dagen i dag (laurdag og fri):

  • Skrive blogg
  • Lage ordentleg middag heime
  • Gå rundt dammen
  • Svare alle som ventar svar på Mixi, Facebook, e-post osv.
  • Byrje å skrive på "Sprell-saken"
  • Elles gjere ting eg allereie burde gjort
Det er jo ingen sak å skrive ei sånn liste ved godt mot og ei klar overbevisning om at dette skal bli gjort. Men når sjølve (morgon)dagen kjem er det sjølvsagt litt annerleies. No har eg vore oppe i 4 timar og har til no gjort unna punkt 4, greit nok. Punkt 1 held eg sjølvsagt på med no, så det er greit. Middagen utgikk da ein plutseleg telefon til Lasse (kamerat frå Noreg) resulterte i ein middagsavtale med han og nokon andre vener av han, så sånn kan det gjekk. Punkt 3 skreiv eg fordi like i nærleiken av der eg bur er det ein park med eit svært vatn. Sjølv om eg syklar forbi kvar dag har eg aldri tatt i bruk den grøne (brune) lunga, så eg tenkte det var på tide. Men som med Sprell-saken (blei spurt om å skrive litt om Japan for NMSU-bladet "Sprell") får det vente til i morgon. Det er jo tross alt berre 3 timar til eg må ut av huset! Alt kan da ikkje skje på éin dag!

Det er rart å tenkje på at eg har vore her i over 1,5 månad allereie. Tida går vanvittig fort. No byrjar eg å kome ganske godt inn i dei fleste tinga, men det er førebels ikkje snakk å koble inn noko auto-pilot (og det blir det nok aldri heller). Arbeidsoppgåvene eg har krever mye førebuing, og ingen "arbeidsdag" er lik. Skal (som eg har lovt) kome tilbake til dei ulike tingane eg driver med på eit seinare tidspunkt.

For halvannen veke sia reiste Arne, Maria og Jon Olav heim igjen til Noreg. Da hadde dei vore 11 dagar på besøk hos meg her i Osaka, og fått smakt og sett på koldtbordet Japan. Det er vanvittig koseleg å ha vener på besøk, til tross for at det blei litt hektisk med jobb oppå det heile. Vi reiste til dei meste kjente stadane i Kansai, som Nara, Kyoto og Koya-san. Vi (dei) shoppa for meir enn forventa i Osakas handlegater, vi var ein tur i Universal Studios Japan, og fekk gjort mye av "typiske" japanske ting som karaoke, onsen, "print club" osv. Skal ikkje skrive så mye meir om det, ettersom du får lest (og sett) ein del på bloggane til Maria og Arne. Du finn dei på høgre side.

Sia sist har eg òg hatt bursdag! Dagen blei feira med middag, og karaoke heile natta i lag med besøket, kollegaer og vener. Frå gjestane fekk eg veldig mye sjokolade og godteri frå Noreg pluss andre ting heimenifrå! Skal prøve så godt eg kan å la det vare utover året. Andre gåver var ei kokebok for japansk mat og ein "nabe" (slags gryte som nyttast til ulike japanske rettar), prestasjonangst fulgte naturligvis óg med dei sistnemnte. Skal samstundes nemne at eg fekk ei kornblanding/frukostblanding frå Ivan og Rut Terese! Veldig greit å variere toastfrukosten litt!

Elles hadde NMS og Frikyrkja nettopp eit veldig koseleg og interessant misjonærmøte for mannskapet her i Japan. Der fekk vi òg ynskje Odd Bjarne Ellefsen velkomen tilbake til Japan etter eit lite opphald i Noreg! Bloggen hans finn du på høgre side her. Da vi skulle heim frå møtet blei eg vanvittig kvalm og klarte på tross av delte spyhistorier frå dei andre (og takket vere den i overkant lange bønnen til Rut Terese) å ikkje kaste opp på den 1,5 timer lange turen heim. Men etter eit kort stevnemøte med doskåla heime følte eg meg fin igjen! Kroppen ordnar opp!

Hmm... Eg lover at neste innlegg skal ha mindre kvalme, vere litt meir informativt om ståa her, og skal frå no av prøve meg på eit blogginnlegg i veka. Krever dog forståing frå dykk, og ein heftig fallskjerm om det skulle skjære seg.

Kan forøvrig fortelje at det no er 25% dyrare å bu i Japan for oss nordmenn som får lønn i norske kronasjer. Vil med dette sendte eit stygt blikk til alle som står bak.


Koya-san


Koya-san


Dagstur til Kyoto med besøket,
Astrid og Haruko (som tek biletet)


Gjeng med koreanske turister
som ville ha eit bilete i lag med oss


Nettopp blitt blaude i ein "ride" i Universal Studios Japan
(foto: Jon Olav)


Okonomiyaki med Odd Bjarne som gaid
(foto: Jon Olav)


Bursdagsmiddag
(foto: Maria)


Karaoke heile natta!

26. september 2008

Den fyrste tida i Osaka

Eg merkar allereie at eg byrjar å bli dårlig til å blogge. Men eg skrive noko i kveld, for frå og med i morgon og 10 dagar framover så skjer det noko spesielt. Det er nemleg 3 gode vener av meg som tek seg råd og tid til å kome og sjå korleis eg har det! Det skulle eigentleg vere 4 stk, men Anna blei dessverre sjuk :( Gleda meg veldig til å sjå deg, så du blir djupt sakna!

Uansett, la oss prøve å oppsummere litt av kva som har skjedd sia eg kom til Osaka. Fyrst og framst møtte eg Åshild (sjefen) på flyplassen, der vi venta litt før Astrid (den andre eittåringen til Japan) òg dukka opp etter ein lang flytur. Vi dro i lag heim til Åshild, og der blei vi buande i tre dagar. I løpet av desse dagane fekk vi oppleve litt av kvart. Vi blei lært opp i og blei betre kjent med tog, buss og bane i Osaka, vi dyppa oss litt i eit onsen, åt mye god mat, møtte kollegaer og kyrkjefolk og mye meir! Vi fekk óg nokre essensielle guida turer på eit par supermarked. Sjølv eg som kan lese litt av kva som står på pakningane, føler meg heilt vanvittig bortkommen blant dei fargerike hyllene. Eg håper snart eg kan gå på handletur utan prestasjonangst!

Vi hadde òg eit par dagar i lag med Ivan og Rut Terese (NMS-misjonærer her på 2. året travelt opptatt med språkstudier). Vi, altså Astrid og meg, blei vist kor vi kan handle klede (og kor dei kanskje har min storleik), bøker osv. Vi besøkte Osaka Aquarium (sjekk bilete på bloggen til Astrid), og fekk òg ein tur opp i Osaka World Trade Center der vi fekk kikka litt utover byen vi skal bu det neste året. Ivan og Ruth Therese bur forresten over Tezukayama kyrkje, dvs. ikkje langt unna meg! Veldig greit å ha nordmenn i nærleiken :) Tezukayama kyrkje er altså der eg vil ha mesteparten av arbeidet mitt dette året, og der kor eg som oftest går på gudsteneste. Men eg har òg nokre oppgåver i andre kyrkjer i Osaka.

Eg har jo faktisk alt vore her i 3 veker, så er i gong med det aller meste eg skal drive med dette året. Eg kjem nok til å skrive om dei ulike tingane sånn litt og litt utover året, men det går mye i undervisning. Seks gruppar totalt i engelsk (4 for voksne, 2 for barn) og ei norsk-gruppe. Utenom dette har eg ansvaret for eit lite sosialt arrangement kalla "Friday Cafe" som arrangerast i kyrkja annankvar fredag. Håper det kan bli ein stad der nysgjerrige japanarar kan få smake litt på kva Jesus og den lokale kyrkja kan tilby. Utenom det er eg med i kyrkja sitt eige gospelkor, og hjelper til på noko kalla "Kids Club" annankvar laurdag. For det meste lek, song og bibel med fem søte små barn :) To gongar i veka får eg i tillegg hjelp vidare med japansken min. Éin gong med privatlærar og ein anna gong i klasserom med andre utlendingar som bur i Osaka (har dog ikkje byrja med sistnemnte enno).

Sånn, no har eg i det minste litt på plass her så kjem det meir detaljert om kvar enkelt ting sånn etterkvart. Blir nok bloggtørke medan eg har besøk no, men skal prøve å kome sterkt tilbake!

21. september 2008

Turen før året - Fukuoka til Osaka

No byrjar eg i det minste å nærme meg notida med blogginga her, men det er framleis litt igjen å fortelje. Hoppa rett på ein buss i Kagoshima med retning Fukuoka igjen. Der blei eg gjenforent med Lasse og Ayako. Fekk knapt slengt frå meg sekken på hostellet før dei ville ha meg med ut på noko fôr og sprell. Endte opp med å stappe oss gode og mette på ein izakaya og så stikke på karaoke etterpå. Har mye øving framfor meg før eg har skikkeleg dreisen på noko japansk musikk, men valte nokre av dei eg kunne litt av og prøvde så godt eg kunne å følgje teksten der eg var blank. Lasse har tydeleg budd i Japan før, og brifa med repertoaret sitt. Men det blei sjølvsagt plass til litt vestleg musikk av typen Britney o.l. Ayako sovna etterkvart under ein duett med Lasse og meg, så vi tok hintet og pagg heim. Dagen etter trur eg berre vi labba rundt i byen, for eg hugsar ikkje nøyaktig kva vi gjorde.

Lasse skal studere i eitt år i nabofylket til Osaka, så han måtte bort for å finne seg leilegheit før semesteret tok til. så vi slo følgje østover frå Fukuoka. Vi tok det roleg og hadde ei natt i Hiroshima (der begge har vore før), hovudsakleg for å ete spesialeten Hiroshima-yaki (ein type Okonomiyaki) Dro vidare til Osaka dagen etter, så eg endte opp med å kome fram ein dag før eg skulle møte Åshild (representanten for NMS her borte) og Astrid (den andre eittåringen). Dette var eigentleg like greit, for etter 3 veker med reising var eg eigentleg ganske skutt. Brukte heile dagen på å sove og lækse. Sto opp tidleg dagen etter og reiste til flyplassen for å møte Åshild og Astrid (som kom med fly den dagen).


Ayako og Lasse


Lasse, Ayako og meg


Lasse tek seg ein kvil


Hiroshima-yaki!

20. september 2008

Turen før året - Kyūshū og Yakushima

Etter den korte båtturen frå Busan til Fukuoka blei eg møtt av Lasse (kamerat frå VGS som skal studere japansk her i Japan dette året) og Ayako (den japanske kjæresten hans som for tida bur i Fukuoka). Planen min var å setje kursen sørover så fort som mogleg, så eg skaffa meg ein bussbillett til Kagoshima same kveld. I mellomtida labba vi tre rundt og kikka på byen fram til det blei tid for å hoppe på bussen. Nede i Kagoshima var eg så heldig å ha min eigen gaid! Ei japansk jente eg har prata med på Mixi (japanske svaret på Facebook) bur i Kagoshima og tilbaud seg å vise meg rundt i heimbyen hennar. Kagoshima i seg sjølv har kanskje ikkje aller mest å by på, men like utafor ligg ei øy med ein svær (og aktiv) vulkan. Vi tok turen over og bussa litt rundt og kikka, men kunne dessverre ikkje kome så langt oppover vulkanen da dette var for farleg. På kvelden hadde vi Shabu-Shabu, og nokre øl på ein izakaya, kjempekos! Mixi viste seg allereie da som eit rått verktøy for å få vener i Japan! (meir om dette seinare)

Morningen etter sat eg meg på båten til Yakushima, ei øy litt sør for fastlandet. Øya er mest kjent for sin eldgamle og vakre skog, og det eldste treet (Jōmon-sugi) skal vere ein stad mellom 2.000 og 7.000 år gamalt! For dei av dykk som har sett Ghibli-filmen Prinsesse Mononoke (mononoke-hime), så kan eg røpe at regissøren fekk inspirasjonen sin frå skogen på Yakushima. Etter ein kort men dyr busstur (visstnok dyrast i Japan iflg. lokalbefolkninga) kom eg fram til hostellet. Alt i alt var det eit glimmers valg av bustad. Kjempelett å bli kjent med folk (for det meste japanarar som budde der), sosialt om kveldane og relativt lett å kome seg rundt omkring frå. I tillegg var det ein utandørs onsen ikkje langt unna.

Eg kom eigentleg til øya utan noko spesiell plan, men fann fort ut kva folk fleste gjekk for å sjå. Så fyrste dagen (les: morning, kl 05.00) gjekk eg i lag med ein frå hostellet for å sjå det tidlegare nemnte gamlis-treet. Det tok ikkje mindre enn 8 timar å gå fram og tilbake, så dykk som kjenner meg godt kan sjå for dykk at det var rimeleg tungt til tider. Men det var eit imponerande skue da eg fyrst kom fram (kjem litt dårleg fram på bileta, men treet var enormt). På vegen tilbake kom eg i prat med eit tysk par, og dei hadde visst leilebil, så dei køyrde meg heim da vi kom ned igjen frå turen. Gull!

Same kveld kom eg i prat med eit par japanarar som skulle leie ein bil og køyre litt rundt på øya dagen etter, så eg slang meg på der. I lag med (den noget rustne) sjåføren Noji-san (som eg blei godt kjent med i løpet av opphaldet) gjekk vi for å sjå skogen som visstnok ligna mest på tidlegare nemnte film, og blei vanvittig imponert! Eg hadde før eg kom aldri trudd at Japan kunne by på så spektakulær og ikkje minst urørt natur. Det var som å vere i ein slags eventyrverd!

Kveldane på hostellet gjekk stort sett med til å sitje i etestova, prata med dei andre som budde på hostellet, og sippe til den lokale Shochuen. (Eg føretrekte han med mye is..). Sia dette var eit offisiellt "ungdomsherberge", så var reglane derretter. Lyset gjekk av kl 22, og det skulle vere roleg frå da og utover. Dette var kanskje like greit, for ein måtte som regel tidleg opp for å få noko ut av dagen (eller rekke ein buss) Eit par kveldar tok vi òg turen bort til det lokale utendørs onsenet. Det var av typen "mixed", så båe gutar og jenter måtte hoppe oppi i fødedrakta. Men sia det kun var vatn i stampane ved høgvatn (altså seint på kvelden), så var det relativt dårleg sikt, så det gjekk greit for ein nordmann som ikkje er vand med sånt. Er forøvrig artig at japanarane vanligvis er ganske opptatt med å dekke seg til, men på ein sånn stad er det plutseleg ikkje noko problem. Kom òg i prat med ein gamal øybuar som kom dit kvar kveld, men dialekt + gamaldags japansk førte til at eg forsto eksepsjonelt lite.

Den siste heile dagen la eg ut på tur aleine. Etter tips frå ein australiar på hostellet, leide eg meg ein sykkel for å ta turen oppover vestkysten av øya til ei fin strand som lå på nordsida. Turen tok ca 3 og ein halv time kvar veg (der halvparten var oppoverbakke). Eg kan ærleg innrømme at det eg aldri har vore så sliten og gjennomsvett som på turen oppover, medan turen tilbake var hakket mindre slitsomt. Eg får oppsummere litt kva som skjedde:

  • Mange (i bil) som stoppa, heide meg fram, spurte om det gjekk greit, eller i vantro spurte om eg skulle heile vegen på sykkel osv.
  • Gløymde lommeboka på eit supermarked på byrjinga av turen, og 15 min vidare på vegen blei eg tatt igjen av ein ansatt i bil som leverte han tilbake (gull!)
  • Såg ørten apekattar og rådyr (så òg ein ape som klatra på eit rådyr!)
  • Blei nær angripen av apekattar. Gjekk litt for nærme for å ta bilete, så to av dei byrje å løpe etter meg. Fekk halvpanisk kasta meg på sykkelen og dei gav opp da eg fekk opp farta.
  • Møtte éin anna syklist som tok motsatt veg. Slo av ein prat.
  • Hadde tidvis fantastisk utsikt utover havet og kysten av øya.
  • Bada i over ein time da eg kom fram! (ca. heilt aleine på stranda sia det regna)
  • Fann ut av eg kanskje ikkje rakk heim igjen før det blei mørkt (ein kjip ting på smal veg utan lys), så peisa litt ekstra på heimvegen og rakk det akkurat. Fekk òg med meg ein rå solnedgang.
  • Alt i alt noko av det beste eg har gjort på mine reiser til no!
Dagen etter bar det tilbake til fastlandet, og Noji-san skulle tilfeldigvis med same båt så vi slo følgje heilt til busstasjonen i Kagoshima. Han bur i Tokyo, så vi skal møtest igjen når eg får dradd meg bort dit! Før eg forlot øya gjorde eg som japanarane og stakk innom ein suvenirbutikk (dei lå strødd!) og raska med meg noko småtteri. Medrekna turen til Japan i fjor, og kva eg har gjort til no, er Yakushimaa definitivt favorittstaden min i Japan så langt. Anbefaler alle å dra!

Gløymde forresten å seie at det regna kvar einaste dag!

Det blei berre rot med masse bilete rett på bloggen, så ta ein kikk HER for å sjå bilete frå Kagoshima og Yakushima.


19. september 2008

Turen før året - Sør-Korea

Som dei fleste veit så reiste eg til asia litt før eittåringstenesta tok til. 12. august tok eg flyet frå Kristiansand via Amsterdam til Seoul i Sør-Korea. Eg hadde om lag 10 dagar i Seoul og eit par dagar i Busan sør i Korea før eg tok ei ferje over til Sør-Japan. Der hadde eg eit par dagar i Kagoshima, 4-5 dagar på øya Yakushima sør for fastlandet før eg reiste sakte oppover til Osaka med stopp i Fukuoka og Hiroshima på vegen.

Seoul:

Eg tok turen innom Korea fyrst og framst for å besøke min gode ven KwangBin Park. Det er ein koreanar eg blei kjent med i fjor da eg streifa innom Korea på den store asia-turen med Ingunn. KwangBin har eg/vi seinare treft i Bangkok, og han har besøkt meg båe i Kr.sand og i Oslo. Dagane med KB (som han kallest) gjekk for det meste med til å nyte koreansk mat, møte KBs vener og familie, samt vandre roleg rundt i Seoul. Eg trur aldri eg har ete så mye god mat på så kort tid, og til tross for at svetten renner under kvart måltid har eg blitt utruleg glad i den sterke maten dei diska opp i Korea. KB var gourmet-gaid og folk eg møtte var imponert over kor mye av det koreanske kjøkkenet eg hadde gått over i løpet av opphaldet. Kan òg nemne spesielt kor hyggeleg det var å få treffe mora til KB! Ho var ei lita og svært hyggeleg dame som tok båe sønnen sin og meg med ut på sunn, tradisjonell og dyr koreansk lunsj. Det var så mange tallerkenar på bordet at eg var passe nervøs for korleis eg skulle gå laus på det, men til tross for eit par store blemmer i koreanske auge (la skeia ned med feil side opp, og lot litt ris vere igjen i bollen etter vi var ferdig), så fulgte eg nøye med på dei innfødte og fekk det nogenlunde til. Kan òg fortelje at det var rimeleg fet å sjå håndballkampen mellom Sør-Korea og Noreg med ein gjeng koreanar på ein spisestad. Stemninga var høg under, og heller laber etter kampen! Medan eg var i Seoul hadde eg i tillegg ein dagstur til den de-militariserte sonen mellom Sør- og Nord-Korea. Rimeleg spennande å trippe like over grensa (dog i en bygning som lå midt på), og kikke rett inn i auga på ein nord-koreansk grensevakt. Det er veldig rart å tenkje på at landa framleis på papiret er i krig.

KwangBin Park

Mora til KB og meg

KB og meg

Sør- og Nord-Korea

Busan:

Nett som på sist tur tok eg båten frå Busan i Sør-Korea til Fukuoka i Japan, så dette innebar som sist eit par dagar i Busan. Sist gong overnatta vi hos ein kanadisk engelsklærar, Eric Spence, og trur du ikkje sanneleg han var i Korea i år òg. Så eg var veldig velkommen hos han igjen. Eg fekk helse på ein skokk av venene hans (med nokre få kjente fjes frå fjoråret), og fyrste kvelden såg vi sport (lol) i lag med ein del av dei, etterfulgt av ein liten tur ut på byen. I løpet av turen har eg fått litt interesse for baseball etter eg såg nokre av Koreas kampar i OL. Dei gjorde det veldig godt i år, så dei kom til finalen og møtte Cuba. Det som var greia var at sia det blei finale så fyrte dei lokale opp kampen på storskjermen på stadionet til Busans eiget lokallag. Det var vel nokre tusen som møtte opp og sia Korea vant heile skiten så seier det seg sjølv at det var moro. På eit tidspunkt blei det plutseleg delt ut oransje posar, og alle lage ein hatt ut av dei og satt dei på hovudet. Etter kampen blei eg invitert på fest hos nokon av dei andre engelsklærarane. Det blei nok litt seint den kvelden, for morningen etter forsov eg meg og mista båten min med berre 10 minuttar. Det gjekk heldigvis greit, og eg fekk ein ny billett gratis til båten som gjekk ein time seinare. Fann seinare ut at folka i skranka hadde gløymt å få meg til å betale bensinavgift og sånt, så det var jo ålreit.


Gjengen med engelsklærarar (Eric Spence i kvit)

Baseball-finale (på storskjerm)

17. september 2008

Fyrste innlegg!

Hei, og velkommen til Risåkeren! Dette er bloggen som skal dokumentere mitt virke i Japan dette året. Frå og med 2 veker sia og fram til omtrent juli neste år er eg "Eittåring" for Det Norske Misjonsselskap (NMS) i Japan. Byen eg bur og arbeidar i kaller dei Osaka, og her er det eigentleg ganske mange folk. Det er den tredje største byen i Japan, og på toppen av det heile bur eg relativt sentralt!

Eg eg veit eg er smått seint ute med blogg blant oss eittåringane, men eg har tru det eller ei vore ganske opptatt med jobb sia eg kom, og fritida har gått med til andre ting. No må eg i tillegg innrømme at eg i utgangspunktet ikkje er ein ivrig bloggar, men at eg skal gjere mitt beste for å dele nokre av opplevingane mine med folkens heime i Noreg, og dykk andre eittåringar (sjekk lenker på høgre side for å få vite meir om dei).

Men no spør du nok deg sjølv: "Kvifor Risåkeren? Er ikkje Japan berre høghus, neonlys og lynkjappe tog?". Nei, det er nemleg noko spesielt med den japanske risen. Grunna kresne ganar og lange tradisjonar står nemleg japanske bønder sjølv for 98% av risproduksjonen som hamnar i risbollar her i landet. Med god hjelp frå regjeringas kostbare subsidiar og skyhøge tollmurar er risimport nærmast ikkje-eksisterande. Så ein skal faktisk ikkje reise langt ut av storbyen før ein får auge på ein liten "rislapp". Eit heilt anna spørsmål er om dette vil vedvare mtp. Japans noko turbulente økonomi og den øvrige økonomiske situasjon i verda (som iflg. nettavisane er relativt anspent for tida).

Illustrasjonsbilete

På ei anna side ser eg på ein risåker som ein svært fredeleg stad, der ting skjer i rykk og napp, og verda elles går sakte forbi. Eg trur dette biletet speglar denne bloggen ganske nøyaktig. Men eg må samstundes hugse på at ein må ta i ei realt tak for avlinga skal bli god, og kundane nøgde.

Dei fyrste innlegga om turen før eg kom hit, Osaka, jobben, trua, kyrkja(ne), busituasjon, folka og kulturen kjem snart!